Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Formålet er å regulere areal for breiddeutviding slik at det kan etablerast forbikøyringsfelt i stigninga mellom Kjøsnestunnelen og Fjærlandstunnellen.

Det er også planlagt fire kjettingplassar, ein på kvar side av vegen, aust for Kjøsnestunnelen og vest for Fjærlandstunnelen. Etter ønskje frå kommunen er det planlagt større parkeringsplass og utsiktsplass oppe i Lundebotn. Det er også regulert gangbru over Tongelva til bruk for dei som skal gå Lundeskaret. For å ivareta krav til sikkerheit er rasvollen oppe i Lundebotn utvida mot aust.

Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 01.11.2022 til 20.12.2022

Merknader og innspel til planforslaget skal sendast innan 20. desember 2022 til:
Statens vegvesen, Pb.1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER eller på e-post til

 

Aktuelt for fylke: Vestland