Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Forlag til detaljreguleringsplanen for riksveg 9 i Bykle kommune vil vera ute til høyring frå 8. april til 20. mai.

Planforslaget omfattar ei strekning på litt over 16 km mellom Byklestøylane i sør og Hartevatn i nord. Formålet med planarbeidet er å laga ein plan som gir betre trafikkavvikling, auka trafikktryggleik og færre ulykker, samt reduserer skadeomfanget når ulykker først hender.

Planforslaget er i all hovudsak ein utbetring av eksisterande veg til 7,5 m breidde og geometrikrav i samsvar med gjeldande vegnormalar. Stadvis, over korte strekningar, har det vore nødvendig å legga vegen om i urørt terreng.

Planforslag

Planforslaget blir lagt ut til offentleg ettersyn i tida 08.04.2022 til 20.05.2022 på følgjande stader:

og ved å besøke Bykle kommune, Sarvsvegen 14, Bykle rådhus 

Merknad og frist

Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg innan 20.mai 2022 til:

  • Statens vegvesen Pb 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer,
  • eller til

Informasjonsmøte

Det vil bli halde eit ope informasjonsmøte på samfunnshuset i Bykle 4. mai 2022 kl. 18.00 om forlaget til detaljreguleringsplanen.

Kontakt

Dersom det er spørsmål om planforslaget, kontakt planleggingsleiar Pål Helge Paulsen på telefon 90 22 70 38 eller e-post

Aktuelt for fylke: Agder