Meir fjell må fjernast før det er trygt å opna rv. 9 ved Neset. Rv. 9 blir stengde fram til fredag 21. februar.

– Me har fått fjerna ein god del fjellmassar frå toppen av skjeringa, men det viser seg at her er det mykje fjell som er sprokke opp. Me må derfor fjerne resten før me kan setja trafikk på riksveg 9 igjen. Det er ikkje trygt slik det er no, seier Sigurd Wiberg, seksjonssjef for Plan og utbygging sør i Statens vegvesen. 

Oppdaga meir dårleg fjell

Rv. 9 har vore stengt i Bygland sidan 4. februar. Då vart det oppdaga eit parti med dårleg fjell og store løsblokker. Arbeidet med å fjerna dette har gått føre seg sidan, men etter kvart som fjell har vorte sprengde bort, har meir dårleg fjell komme fram.

– Me held arbeidet fram med å fjerna dårleg fjell. Dette går føre seg for fullt, og det blir fortsett døgndrift på veganlegget. Me har i ettermiddag vurdert arbeidet framover og planlegg å opna vegen forbi Neset fredag 21. februar. Då er planen å vera heilt ferdig med sprenging, fortel Wiberg.

Set inn fleire følgjebilar

Medan rv. 9 er stengde, held omkøyringa fram langs fv. 3778 på vestsida av Byglandsfjorden.

– Vinterferien i Agder startar til helga og me set inn fleire føljebiler slik at det blir følgjebil både framme og bak kolonna. Me gjer desse tiltaka for å sikra ei smidig avvikling, seier Wiberg som oppmodar alle trafikantar til å vera oppmerksame og følgja kolonna.

Bakgrunnen for sprengingsarbeidet er at Statens vegvesen er i gang med å utbetra rv. 9 ved Neset i Bygland kommune. Her skal ei strekning på 1,4 km bli breiare og svingane og sideterreng skal utbetrast.

Aktuelt for fylke: Agder