Før ein kan byrje bygging av ny bru til Sotra må høgspenten leggjast om.

Den planlagte hengebrua i det nye Sotrasambandet kjem i same fjordkryssing som dagens høgspentline over fjorden mellom Bergen og Fjell. Dermed må høgspenten flyttast før den nye brua kan byggast. Arbeidet byrjar vinteren 2018 og skal vere avslutta våren 2021.

Høgspentkablane over fjorden skal erstattast av kabelanlegg på strekningen mellom samlemast ved Breivik transformatorstasjon og Litlesotra transformatorstasjon. Kabelen skal gå i eigen tunnel frå Breivik til Drotningsvik, vert hengt opp i fagverket på dagens bru og inn i ny tunnel i Knarrevik som fører fram til Litlesotra transformatorstasjon i  Arefjord.

Rv. 555 Sotrasambandet