Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Sidan 2018 har det gått føre seg omfattande arbeid langs strekninga for nytt Sotrasamband. No er Statens vegvesen ferdige med forberedande arbeid.

Det betyr at alt ligg til rette for at OPS-leverandøren Sotra Link kan sette sine spadar i jorda i 2022. 

Illustrasjon som viser ny Sotrabru med brutårnet i forgrunnen sett mot aust.
Illustrasjon av ny Sotrabru sett mot aust. Foto: Statens vegvesen

Alle arbeida er  avslutta på tid og kostnad

Blant arbeida som er utført dei siste åra er nær 400 grunnerverv, omlegging av 3,8 km høgspentline, bygging av kabeltunnelar til høgspentlina og høgspentomlegging samt ulike vegarbeid i Arefjordvegen og Bildøyvegen. Alle arbeida er avslutta på tid og kostnad. I tillegg er det starta opp omfattande arbeid med tiltak mot støy bustader på strekninga frå Storavatnet i Bergen til Kolltveit i Øygarden.

Klappa og klart for OPS-leverandøren Sotra Link

Prosjektsjef for Rv. 555 Sotrasambandet Arve Tjønn Rinde seier at alt no er klappa og klart for OPS-leverandøren Sotra Link som skal byggje det nye Sotrasambandet med planlagt vegopning 1. juni 2027.

Portrettbilde av prosjektsjef for Rv. 555 Sotrasambandet Arve Tjønn Rinde
Prosjektsjef for Rv. 555 Sotrasambandet Arve Tjønn Rinde

– Siste rest av Arefjordvegen vart nyleg ferdig og opna for trafikk, og med det er Statens vegvesen offisielt ferdige med  å førebu for bygging av det nye Sotrasambandet. Det har vore omfattande arbeid utført i godt samarbeid med BKK og våre entreprenørar. Vi har lukkast med å fullføre det i god tid før OPS-leverandøren startar sitt arbeid.



Fleire hundre grunnervervsavtalar er inngått

Det nye Sotrasambandet skal gå igjennom område med mykje bustader og næring, og vegvesenet har utført både erverv av heile eigendommar og mindre stripeerverv langs strekninga.

– Grunnerverv har vore naudsynt for å kunne realisera prosjektet, og vi er takksame for at vi har klara å inngå avtalar med huseigararar og grunneigarar langs strekninga. Nokre har måtte flytte frå heimane sine, medan andre har avstått grunn. Det har vore ein krevjande prosess og ikkje alltid rett fram. Men ettersom reguleringsplan har vore tydeleg og godt beskrivande har vi hatt med oss eit godt mandat når grunnerverva skulle gjennomførast, seier prosjektsjefen.

Høgspentlina frå 1995 måtte vike plassen for ny Sotrabru

Det mest omfattande anleggsarbeidet har vore omlegginga av den 3,8 km lange høgspentlina. Høgspentlina frå 1995 måtte vike plassen for ny Sotrabru. Arbeidet starta i mai 2018, og to kabeltunnelar er bygd, ein frå Breivik til Drotningsvik og ein frå Knarrevik til Litle Sotra. Når kabeltunnelane stod ferdig våren 2021 stod BKK for sjølve omlegginga 132kV og 300kV kraftlina. Høgspentkablane vart trekt frå Breivik gjennom tunnel til Drotningsvik, under Sotrabrua og videre frå Knarrevik gjennom tunnelen frem til Litlesotra.

I mai 2021 starta arbeidet med å ta ned master og liner. Høgspentkablane over Vatlestraumen vart sprengt ned. Lengda på lina som blei sprengt ned er rundt 3,8 kilometer, med totalt 22,8 kilometer leidningar. Det måtte 35 sprengladningar til, og desse blei festa dels av klatrarar og dels med dronar. Kablane blei sprengt ned i éin og same sprenging. Linene som falt i bakken og i sjøen vart så spola inn og frakta ut av området.

Strømledningene mellom mastene fra Drotningsvik til Litlesotra ble kontrollert nedsprengt 20. mai 2021 av BKK/Enotek. Video: Hawkeye.

Statens vegvesen har motteke mange positive tilbakemeldingar etter at høgspentlina er flytta frå luftstrekk til kablar i bakken, med tanke på arealbruk, miljø, folkehelse, samfunnstryggleik og estetikk.

Anleggsarbeidet i Arefjordvegen og Bildøyvegen

Anleggsarbeidet i Arefjordvegen og Bildøyvegen starta opp i august 2020 fjor. Langs Arefjordvegen og Bildøyvegen er nye høgspentkablar lagt i kabelkanal, og vegstrekninga mellom rundkøyring ved Kystbygarasjen/Høgestølen mot Bildøyvegen er utvida i breidda med sykkelfelt i begge retningar. Det er og bygd ny rundkøyring og nytt system for vatn, spillvatn og overvatn.

Langs Arefjordvegen og Bildøyvegen er nye høgspentkablar lagt i kabelkanal, og vegstrekningen mellom rundkøyring ved Kystbygarasjen/Høgestølen mot Bildøyvegen er utvida i breidda med sykkelfelt i begge retningar. Det er og bygd ny rundkøyring og nytt system for vatn, spillvatn og overvatn.
Langs Arefjordvegen og Bildøyvegen er nye høgspentkablar lagt i kabelkanal, og vegstrekningen mellom rundkøyring ved Kystbygarasjen/Høgestølen mot Bildøyvegen er utvida i breidda med sykkelfelt i begge retningar. Det er og bygd ny rundkøyring og nytt system for vatn, spillvatn og overvatn. Foto: Arnhild Fjose

Signerer kontrakt med Sotra Link i februar 2022

Statens vegvesen er for tida inne i siste del av OPS forhandlingane og vil signere kontrakt med Sotra Link i februar 2022. Før det skal det utførast ein stor jobb med ferdigstilling av dei finansielle låna, tredjepartsavtale, samt reinskriving av sjølve kontraktsdokumenta. Sotra Link har allereie arbeida med mobilisering, prosjektering, grunnundersøkingar, samt etablering av ulike søknader og godkjenningar mot andre offentlege aktørar.

– Sotra Link er allereie godt  med sjølve mobiliseringa av prosjektet og har starta arbeidet med prosjektering. Her er det mykje informasjon og føresetnader som dei må settje seg inn i. Det er spesielt kjekt å sjå at Sotra Link brukar tida fram til kontraktssignering å tileigne seg denne kunnskapen allereie no, seier Rinde.

1000 personar på anlegget

Nytt vegsystem skal stå ferdig innan 1. juni 2027. Estimert byggetid er fem år. Sotra Link startar sine forberedande arbeider i løpet av neste år, før anlegget vert sett i gong for fullt i 2023. På det meste vil Sotra Link sysselsette 1000 personar på anlegget.

Aktuelt for fylke: Vestland