BKK er ferdig med å legge 4,5 km nye straumkablar for Sotrasambandet. I mai startar rivinga av dei ni høgspentmastene som står i traseen der ny bru til Sotra skal byggast.

Det er høgspentmaster mellom trafostasjonane i Arefjord og Drotningsvik/Breivik som skal rivast. 

I mars starta BKK førebuingane til det omfattande rivearbeidet, og sjølve rivinga av dei gamle linjene og høgspentmastene vil skje i mai månad. Ni stålmaster og to A-master i limtre skal rivast. Alt anleggsarbeid i prosjektet er planlagt ferdig innan august 2021.

Leidningstraseen som BKK skal riva går gjennom industriområde, bustadområde og utmark/beite. Terrenget er kupert er utfordrande enkelte stader og mange av mastene ligg nær vegar.

Riving av liner og master

Alle liner mellom dei ni mastene skal fjernast. Nokon stader blir linene senka til bakken, kappa og vert så spola inn på ein hjullastar for å bli frakta ut av området. På delar av strekninga blir linene kappa ved hjelp av sprengladningar. Dette skjer i ein og same sprenging. Linene som faller til bakken og i Vatlestraumen, vert spola inn og frakta ut av området.

Det er totalt ni høgspentmaster som skal rivast. Dei to mastene nærast sjøen på Drotningsvik-sida skal fjernast ved hjelp av sprengstoff. Den største masta er over 80 meter høg og blir sprengt ned frå midten. Dei andre mastene vert velta ved bruk av vinsj eller gravemaskin. Mastene vert så kappa opp og frakta ut av området med helikopter eller lastebilar. Ved enkelte mastepunkt, der det er vanskeleg tilkomst, blir mastestål frakta til etablert riggplass ved hjelp av helikopter.

For kvart mastepunkt vil det etablerast eit sperra anleggsområde for riving av linene og masta. Nøyaktig areal ved den enkelte mast vil variere blant annet etter terreng, topografi, tilkomst, mastetype mm.

Varsling

BKK vil varsle alle grunneigarar og bebuarar i området i god tid med informasjon om arbeidet som skal utførast og tidspunkt for sprenging.

Straumforsyninga vil ikkje bli påverka i riveperioden. Trafikken både på riksveg 555 og på sidevegane under høgspentlina må stoppast under sprenginga.

Du kan lese meir om fjerning av høgspentmastene på BKK sine heimesider.

Høgspenttrasé sett fra Drotningsvik.
Høgspenlinja mellom Sotra og Bergen, her sett frå Drotningsvik. Mastene skal fjernast for å gjere plass til ny Sotrabru som skal byggast i traseén der høgspentlinja går i dag. Til høgre i bilete er dagens Sotrabru. Foto: BKK
Aktuelt for fylke: Vestland