I Statens vegvesen Region vest inngår fylka Rogaland (R), Hordaland (H) og Sogn og Fjordane (SFj), der postvegar, kongevegar og hovudvegar kryssar fylkesgrensene mot nord og aust.

Det mest spesielle ved den vestnorske veghistoria er nok ulike løysingar for å kome seg over fjellet i ærend austover, som Vindhella i Lærdal (SFj), Brattlandsdalen i Suldal (R) og Måbødalen i Eidfjord (H). Spektakulære vegar langs bratte fjellsider som stuper ned mot fjorden er også særtrekk – og det er eit kostbart landskap å bygge vegar i. Tunnelar og bomstasjonar har dei seinare år prega det nyare vegmiljøet, og fortel si historie om mennesket si trong til ferdsel og transport.

Kontaktperson
Museumskoordinator Bjørn Chr. Grassdal, bjorn.grassdal@vegvesen.no, mobil: 97 16 31 00.