- Det er 95% sikkert at det var denne brutypen som bar vegen over elva fram til 1880 da gamlevegen vart nedlagt, seier Nils Nonås som har ansvar for de historiske vegane i Region vest. Statens vegvesen eig gamlevegen, som etter kvart har vorte ein svært populær pilegrimsveg

Stort lokalt engasjement
Gamlebrua datt ned og her var uframkomande. Røldølane har i mange år ønska seg ny bru. - På bakgrunn av det store lokale engasjementet og at vi er vegeigar, fann vi det rett å engasjerte oss både fagleg og økonomisk i dette prosjektet, saman med soknerådet i Røldal, seier Nonås. Med bru så kan ein følgja pilegrimsleia ned Austmannali og til Bråstøl. I 1996 vart tradisjonen med katolske gudstenester i Røldalskyrkja teken opp att. Pilegrimar kjem gåande frå Seljord og Kvitseid over Haukeli fjell til Røldal og dei brukar då denne middelaldervegen.
Vi har tidlegare restaurert den gamle vegarbeidsbrakka frå 1880 i Dyrskar, og den er i bruk under pilegrimsvandringa. Folket som kjem gåande austfrå treng sjølvsagt både mat og kvile og då er brakka open med servering.

Brua
- Etter fleire studiar kom vi fram til at brua som hadde stått der, måtte være ei utkragebru av tre. Vi la dette fram for Riksantikvaren som var einig med oss. Ettersom vegen er frå før reformasjonen er den automatisk freda, så her må ting gjerast rett, seier Nonås. Eit firma i Lom som heiter ”Stokk og Stein” vart kontakta. Dei har god røynsle med slikt og har både teikna og bygd brua.
For at brua skal ha lang levetid, måtte furutømmeret veljast ut med omhug. Tømmeret måtte innhalda 70-80% alved (kjerneved) Brua er bygd etter gamle teknikkar. No skal vegen på begge sider av brua vølast og om ei tid skal det verte ei skikkeleg markering av nybrua og arbeidet som er gjort.

Pilegrimsreiser
Alt frå 1300-talet var det valfart til kyrkja i Røldal, då var det sjølve kyrkja som stod i sentrum. Seinare kom dei lækjande krusifiksa på plass og då auka tilstrømminga. Røldal kyrkje var den kyrkja i landet som hadde størst valfart av pilegrimar etter Nidarosdomen.
Etter reformasjonen i 1537 vart det ulovleg å halde katolske gudstenester, men i Røldalskyrkja møttest dei i løynd kvar jonsok (den 6. juli, som er jonsok etter den julianske kalenderen) i heile 300 år, fram til 1837.
I notid møtest folk frå aust og vest ved vegkrysset til Valldal, og går saman med fleire prestar til midnattsgudsteneste i Røldal.