Staden Skjoldastraumen er ei perle i landskapet, du finn det om lag der rv. 513 kjem inn på rv. 515. Med litt oppstramming og regulering av trafikkareala vert det enda finare. Dette er under planlegging.

Straum til besvær…

Det dreier seg naturlegvis om ein straum som er så kraftig at han vanskeleg let seg forsere av båtar som skal inn og ut av Skjoldafjorden. – Etter kvart som byhandelen auka og stadig nye båtruter vart oppretta, sto Skjoldastraumen meir og meir fram som eit hinder for kommunikasjon og næringsliv, les vi i brosjyren frå Tysvær kommune. Dette var før 1900 - i den tida sjøen var vegen og båten det viktigaste framkomstmidlet. Trafikken skulle til og frå Stavanger og Haugesund.

Sluser løyste problema

I 1896 la Havnevesenet fram planar om bygging av ein 460 meter lang kanal med kammersluse og portar for låg- og høgvatn ikkje langt unna straumen, der terrenget var lagleg. Kanalen skulle vera 10 meter brei og tre meter djup slik at store båtar også kunne bruke systemet. Slusene stenger sjøen inne slik at fartøyet kan segle som i eit trappetrinn øvst eller nedst i ei rulletrapp. Og alt etter om båten er på veg inn fjorden eller ut fjorden strøymer sjøen inn eller ut av slusa og hevar eller senkar båten til den vasstand som høver. Dette vert nett som i ei elv, jamfør Telemarkskanalen.

Svingbrua

Biltrafikken kravde etter kvart fritt leide til Haugesund, og i 1932 vart det montert ei svingbru over kanalen. Eit stort svinghjul (liggande) gjer det enkelt å svinge den 14 meter lange brua til sides når fartøy skal passere. Brua balanserer ved hjelp av fire lodd som kan regulerast. Den gamle vart i 1987 avløyst av ei meir moderne vippebru, og da vart svingbrua lagt på land. I 1994 vart svingbrua montert tilbake litt lenger sør enn opprinneleg plassering. Men den kan framleis brukast som før og på den store slusedagen vert gamlebrua svinga ut og over kanalen. Da kan entusiastane i Tysvær bruke bru og sluser, og skru tida attende hundre år, i tidsrette klede.

Vedlikehald

Til sommaren må slusene vølast, ein kostnad kommune, fylke og vegvesen må spleise på. Det same må vippebrua og det på Vegvesenet si rekning, kanskje til neste år. Til  slutt skal den gamle svingbrua restaurerast. Det gjeld både mekaniske delar og konstruksjon. - Her skal Vegvesenet bruke nokre kulturminnekroner, og dersom ikkje det er nok, kan vi forsøke med ein søknad til riksantikvaren, seier Magne Langeteig som driv med brustell i Rogaland. Den gamle svingbrua er med i vår eigen verneplan for vegminne.

Sluseportane vert i dag opna og lukka ved hjelp av moderne hydraulikk. Dersom anlegget skal fullrestaurerast tilbake til det opprinnelege, må dette systemet kunne koplast ut og den gamle metoden med spett og mannekraft kunne nyttast.