Statsråden fyrer av salva klokka 9. Oppmøte for media er klokka 08.30 på parkeringsplassen ved Eikås motorsportsenter. Motorsportsenteret ligg mellom Haukås/Bruras og Vikaleitet på E39 ut fra Åsane sentrum mot nord. Adressa er Steinestøvegen 199.

På oppmøteplassen blir alle først utstyrt med verneklede og deretter følgd bort til området der avfyringa skjer. Det kan bli bløtt og sølete i området, så vi anbefalar sko som toler det.
Magnhild Meltveit Kleppa har eit tett program og reiser att cirka kl. 09.30. I tillegg til statsråden blir også regionvegsjef Helge Eidsnes tilstades.

Om prosjektet
Eikåstunnelen er ein del av arbeidet som no er i gang med å bygge firefeltsveg frå rundkøyring i Vågsbotn til kryss ved Haukås næringspark. Prosjektet ber namnet E39 Vågsbotn-Hylkje, og den nye vegen skal etter planen vere ferdig hausten 2014.
Vegen blir på cirka 1750 meter. Vegen skal gå i ein 600 meter lang tunnel gjennom Eikåsen. Over rundkøyringa i Vågsbotn blir det ein 300 meter lang viadukt (bru over veg); den blir ein direkteforbindelse for trafikken frå Åsane til Nordhordland.