Som del av det nasjonale programmet for tunneloppgradering, får tunnelar over heile landet no ei skikkeleg overhaling. Om lag 30 tunnelar på fylkesvegnettet i Hordaland treng større eller mindre tiltak for å stetta krava i Tunneltryggleiksforskrifta. Neste veke startar arbeidet med Lyngfjelltunnelen.

Omkøyring på fv. 398

Arbeidet skal skje på nattetid, og fram mot sommaren blir tunnelen heilt stengd i arbeidstida, mellom kl. 20:00 og kl. 06:00 alle dagar i veka.

Fv. 398 skal nyttast som omkøyringsveg. Her blir det kontinuerleg kolonnekøyring, i ei retning av gangen, på nattetid. Dei som bur langs fv. 398 må venta på leiebil ved dei aktuelle vegkryssa.

Utanom arbeidstida (06:00–20:00) blir tunnelen stengd i sørgåande retning. Trafikken sørover brukar omkøyringsvegen fv. 398, medan nordgåande trafikk blir leidd gjennom tunnelen i kolonne.

Kjøretøy som avvik frå normaltransport kan ikkje bruka omkøyringsvegen. Desse kan ikkje passera på nattetid; på dagtid vil dei bli leidde gjennom tunnelen med leiebil.

Nytt utstyr betrar tryggleiken

Bilistane vil merka skilnaden når tunnelen står ferdig, lovar Gilberg.

– Tunnelen kjem til å få ei ordentleg standardheving. Det blir betre lys, me får på plass DAB-dekning og ventilasjon, og takhøgda i tunnelen blir heva til 4,5 meter.

I tillegg kjem ei rekkje mindre synlege oppgraderingar som betrar tryggleiken i tunnelen. Dette dreier seg mellom anna om ulike trafikksikringstiltak, raudblink og bom, samt nye naudstasjonar og styresystem som set Vegtrafikksentralen betre i stand til å halda oversyn og styra det som skjer i tunnelen.

Ber om tolmod og merksemd

Det blir naudsynt med sprenging både i og utanfor tunnelen. Dette kan medføra noko støy.

– Me ber om forståing for at det blir nokre ulemper for dei som bur og ferdast i området medan arbeidet går føre seg, seier Gilberg.

Han ber trafikantane om tolmod og merksemd.

– Det er veldig viktig at alle følgjer skiltinga og signala frå trafikkdirigentane på staden, både for tryggleiken si skuld, og for at trafikkavviklinga skal gå så smertefritt som mogleg.

 Opprusting Lyngfjelltunnelen

  • Lengd: 966 m
  • Opna: 1985
  • Hovudentreprenør oppgradering: Scanmatic Elektro AS.
  • Kontraktsverdi: 56 millioner kr. inkl. mva.  
  • Venta ferdigstilt innan utgangen av 2019.

Kontaktperson:

Helge Gilberg (prosjektleder tunnel og elektro)
Telefon: 46812804

Alf Karlsen Liseth (byggjeleiar oppgradering Lyngfjelltunnelen)
Telefon: 93245941