Regionvegsjef Helge Eidsnes og Kjell Næss, direktør i Mesta spesialproduksjon, signerte kontrakt på kaiarbeid på trekantsambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes.Regionvegsjef Helge Eidsnes og Kjell Næss, direktør i Mesta spesialproduksjon, signerte kontrakt på kaiarbeid på trekantsambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes.

Det skal gjerast mest arbeid på Vangsnes.

­­­- Her skal det byggast ei heilt ny hovudkai, og reservekaia som ligg i aust skal få ny og breiare ferjelem. Det skal også støypast nytt kaidekke mellom dei to kaiene, og byggast nytt servicebygg, fortel Oddvin Hov, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Det skal byggast ny hovudkai på Vangsnes. Reservekaia vi skimtar i bakgrunnen skal få ny ferjelem.Det skal byggast ny hovudkai på Vangsnes. Reservekaia vi skimtar i bakgrunnen skal få ny ferjelem.

Ferja skal gå til austre kai medan det er arbeid på vestre, og omvendt. Køyremønsteret blir det same.

­­­­- Korleis vil trafikantane merke dette?

- Det vil bli trongare av- og påkøyring til ferja. Arbeidet vil også gå over ganske lang tid. Det blir aktivitet på vestre kai i heile 2019, og i ein god del av 2020 vil det vere arbeid på austre kai, seier Hov.

Nye servicebygg på Hella og Dragsvik

På Dragsvik skal det komme ny ferjelem på kaia lengst vest, det er den som er i dagleg drift i dag. I anleggsperioden vil trafikken gå på gamlekaia, den som er nærast oppstillingsområdet.

Alle ferjekaiene på trekantsambandet skal tilretteleggast for el-ferje, ved å etablere nettstasjonar som skal forsyne ferjene med straum.

-  På Dragsvik skal ferjekaiområdet strammast opp, med universell utforming, og både Hella og Dragsvik skal få nye servicebygg. Det skal også setjast opp friteksttavler, ei på Hella, ei på Vangsnes og to på Dragsvik. Her vil trafikantane få relevant trafikkinformasjon, til dømes om fjellovergangane eller tunnelane i nærområdet er stengde, seier Hov.

f.v. Oddvin Hov, prosjektleiar SVV; regionvegsjef Helge Eidsnes; Kjell Næss, direktør Mesta spesialproduksjon; prosjektsjef i Mesta, Ove Tuften og avdelingsdirektør i SVV, Svenn Finden.f.v. Oddvin Hov, prosjektleiar SVV; regionvegsjef Helge Eidsnes; Kjell Næss, direktør Mesta spesialproduksjon; prosjektsjef i Mesta, Ove Tuften og avdelingsdirektør i SVV, Svenn Finden.