Statens vegvesen signerte i desember kontrakt med Mesta på oppgradering av ferjekaiene på sambandet rv. 13/rv.55 Hella-Dragsvik-Vangsnes.

Færre oppstillings- og parkeringsplassar

Måndag 14. januar startar arbeidet på Vangsnes, der det i tillegg til ny hovudkai, skal bli ny og breiare ferjelem på reservekaia. Mellom dei to kaiene skal det støypast nytt dekke.
Entreprenøren skal gå i ein 12-9 turnus, det betyr at det vil bli arbeid på anlegget også på laurdagar. Arbeidstida blir frå klokka 07:00 til 21:00.

For å gje plass til anlegget må delar av oppstillingsområdet og parkeringsplassar stengast av. I kontrakten med entreprenør ligg det inne eit krav om at ferjene skal gå i oppsett rute gjennom heile anleggsperioden.

- Det viktigaste er at ferja skal kunne legge til og sleppe av og på trafikken gjennom heile anleggsperioden, og at det ikkje skal oppstå farlege situasjonar, verken for trafikantar eller dei som jobbar der, seier Harald Stadheim, ny prosjektleiar på ferjekaiopprustinga.

Kan bli utfordringar i sommartrafikken

Prosjektleiaren legg ikkje skjul på at det kan bli utfordringar i sommartrafikken med færre oppstillingsplassar, og det vil bli trongare for mjuke trafikantar som skal bevege seg mellom kaiområdet og butikken på Vangsnes.

- Vi veit at det er mykje trafikk på dette sambandet på sommaren, og at oppstillingsområdet ofte er fullt. Men vi er no i sluttspurten på eit stort kaiprosjekt på Mannheller, og har henta erfaringar derifrå. Der måtte vi også stenge av eitt oppstillingsfelt, og det har stort sett gått veldig greitt.

Ferja skal gå til austre kai medan det er arbeid på vestre, og omvendt. Køyremønsteret blir det same. Det blir aktivitet på vestre kai i heile 2019, og i ein god del av 2020 vil det vere arbeid på austre kai.

Arbeid på Dragsvik og Hella

På Dragsvik skal det komme ny ferjelem på kaia lengst vest, det er den som er i dagleg drift i dag. I anleggsperioden vil trafikken gå på «gamlekaia», den som er nærast oppstillingsområdet. Arbeidet på Dragsvik startar også no på nyåret.

Det skal leggjast til rette for el-ferje på trekantsambandet, ved å etablere nettstasjonar som skal forsyne ferjene med straum. På Dragsvik skal ferjekaiområdet strammast opp og få universell utforming, og alle tre ferjekaiene skal få nye servicebygg. Det skal også setjast opp fritekst-tavler, ei på Hella, ei på Vangsnes og to på Dragsvik.

Kontaktperson:


Harald Stadheim
Prosjektleiar
Epost: harald.stadheim@vegvesen.no
Tlf: 97526998