I Rogaland er Mortavika ferjekai stengd på grunn av vind, og ferja går difor mellom Hanasand-Arsvågen.

Status på vegane kl. 19:30

Hordaland:

Rv. 13 Hardangerbrua: manuell dirigering pga. opprydding etter at campingvogn kvelva.
Fv. 314 Bergsdalen ved Storfossdammen framleis stengd. Blir vurdert på nytt måndag kl. 12.00.
Fv. 8 Geitåstjørna – Vihovda i Sveio: Stengd for personbilar på grunn av flaum.
Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Ferjesambandet innstilt på grunn av dårleg vêr.

Sogn og Fjordane:

E39 ferjestrekninga Anda-Lote: innstilt pga. uvêr
Fv. 8 Åkre, på strekningen Oppedal – Hest: Stengd på grunn av fare for ras. Omkøyring via fv. 92, Stordalen. Blir ikkje opna i dag, ny vurdering kl. 15:00 i morgon.
Fv. 55 Sognefjellet: Stengd på grunn av uvêr.
Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Fergesambandet innstilt på grunn av dårleg vêr.
Fv. 451 Kjøsnes – Vassenden: Stengd på grunn av flaum. Blir ikkje opna i dag.
Fv. 92 Arnafjord – Vikøyri: Stengd på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna i dag. Ny vurdering kl. 08.00 måndag. 
Fv. 606 ferjestrekninga Losna-Krakhella: Ferjesambandet er innstilt
Fv. 609 Heilevang, på strekninga Askvoll – Førde: Stengd på grunn av fare for ras. Ny vurdering måndag kl. 07:30
Fv. 243 Nyheim-Lærdal (Aurlandsfjellet): stengd pga. uvêr
Fv. 601 Melhus, på strekninga Langhuso – Undredal: stengd

Fv. 616 Endal, Smørhamn-Isane: oppryddingsarbeid starta kl.18:00
Fv. 331 Urnes – Skjolden: opna kl. 18:00
Fv. 50 Hol – Aurland: opna kl. 16:00

Rogaland:

E39 Mortavika ferjekai, på ferjestrekninga Mortavika-Arsvågen. Stengd på grunn av uvêr. Ferjesambandet vil gå Hanasand-Arsvågen.

Hald deg oppdatert på 175.no og @VTSvest på Twitter.

Kontaktpersonar:

Grethe Vikane
Vegavdelingsdirektør Hordaland
Tlf: 97676968

Svenn Egil Finden
Vegavdelingsdirektør Sogn og Fjordane
Tlf: 95148614