Undergangen i Kannik i Stavanger blir den første som blir utsmykka med gatekunst.

Statens vegvesen og gatekunstfestivalen Nuart har underteikna ein avtale som inneber at kunstnarar dekorerer, i første omgang, to undergangar i Stavanger sentrum.

Nuart er ein gatekunstfestival som blir arrangert årleg i Stavanger, Oslo og Aberdeen i Skottland. Festivalen profilerer nasjonale og internasjonale kunstnarar som opererer utanfor den tradisjonelle kunsten.

Prosjektleiar Truls Kolnes i Statens vegvesen gler seg over samarbeidet.

- Vi bruker store summar kvart einaste år på å vaske, male og fikse opp etter hærverk i undergangar. Dette er eit pilotprosjekt, og vi ønskjer å gjere undergangane finare ved å la gatekunstnarar utfolde seg på store flater i undergangar. Håpet er at kunstverka livnar opp og bidreg til å hindre vandalisme og tagging, seier ein håpefull prosjektleiar.

Statens vegvesen har sett av 200.000 kroner til prosjektet.

Utsmykkinga startar i vår/sommar.


Kontaktperson:
Truls Kolnes
Mobil: 986 82 527