Kontrakten gjeld for perioden 2018 til 2027, med høve til å forlenge kontrakten éitt år. Statens vegvesen fekk inn tre tilbod, og valde Fjord1, som også i dag drifter sambandet.

– Vi er veldig godt nøgde, både med konkurransen og med tilboda, seier fagkoordinator for ferje i Statens vegvesen Region vest, Anders Sæternes.

Miljøvenlege ferjer

Konkurransen om ferjesambandet mellom Anda og Lote er den første ordinære konkurransen i Norge som har stilt krav til ferjer med null- og lågutslepp.

– Difor blir ei av ferjene heilelektrisk, og den andre hybrid, med blanding av elektrisk og biodiesel som energikilder. Ferjene blir bygt heilt nye til 2018, forklarer Sæternes.

Døgnope samband

Sæternes fortel at ferjene skal gå med 20 minutters frekvens frå klokka 06:40 til klokka 20:00. I vekedagane blir det 15 fleire turar i 2018, og på søndagar 18 fleire turar. Også om natta blir rutetilbodet betre.

– Dei reisande får eit vesentleg betre rutetilbod. Sambandet blir tilnærma døgnope, seier han.

Ferjene har plass til 110 såkalla personbileininger kvar.

AutoPASS

Billettsystemet i den nye kontrakten skal vere AutoPass. Det inneber ei omlegging av takstregulativet, som betyr at passasjerar reiser gratis, medan det blir litt dyrare for bilar. Reisande kan betale med AutoPASS-brikke, bankkort eller kontantar.

Fakta om ferjesambandet E39 Anda-Lote

  • ferjesamband på E39 i Nordfjord
  • bind saman kommunane Gloppen og Eid
  • første ordinære konkurranse i Norge med krav til ferjer med null- og lågutslepp
  • løyve for kontraktsperioden 2018-2027 tildelt Fjord1 11. februar 2016
  • løyvet er eit formelt brev tildelt etter yrkestransportlova
  • Vegdirektoratet er løyvemyndigheit
  • partane signerer kontrakt etter klagefrist på tre veker
  • Fjord 1 hadde det lågaste tilbodet (826 mill. kroner)
  • dei andre to som la inn tilbod var Norled (1,12 milliardar kroner) og Boreal (1,4 milliardar kroner)

 

Kontaktperson i Statens vegvesen

Fagkoordinator for ferje Anders Sæternes, tlf. 975 87 950 eller epost: anders.saternes@vegvesen.no