Statens vegvesen fekk 16. februar 2018 i oppdrag av Stortinget å bygge rv. 555 Sotrasambandet som eit OPS-prosjekt. 

– Arbeidet med kontraktgrunnlaget er i sluttfasen og vil om kort tid blir lyst ut i Doffin og TED. Dette vil skje allereie før jul, seier prosjektleiar Arve Tjønn Rinde.

OPS står for Offentleg – Privat – Samarbeid og er en finansieringsmodell som ofte blir brukt i store og omfattande prosjekt. Avtalen som blir etablert er mellom eit OPS-selskap, finansielle partner, og Statens vegvesen, avtalepart. OPS-selskapet vil etablere sin egen prosjektorganisasjon som utarbeidar sin eigen gjennomføringsstrategi, knytte til seg strategiske leverandørar innan prosjektering, bygging, drift og vedlikehald. No i første omgang skal aktuelle selskap levera inn sin kvalifiseringssøknad i løpet av februar 2020.

Synfaring i januar

– I første omgang gjennomfører vi ein prekvalifisering der vi skal velja ut tre potensielle OPS-selskap. Planen er å kunna annonsere dei tre aktuelle selskapa før sommaren 2020. Deretter blir det dialog- og tilbodsfase, der dei aktuelle OPS-selskapa skal forstå prosjektet, utføre naudsynte grunnboringar, synfaringar, starta prosjektering og planlegge prosjektet, seier Rinde.

For at aktuelle leverandørar skal forstå omfanget og kompleksiteten i prosjektet kjem Statens vegvesen til å inviterer til eit informasjonsmøte og synfaring allereie januar 2020.
Endeleg kontrakt signerast hausten 2021.

Utfordrande prosjekt

– Prosjektet skal byggast i eit sterkt trafikkert område, tett på bustadar og bebuarar noko som gjer prosjektet ekstra utfordrande. Dette gjer at Vegvesenet allereie har starta arbeidet med å legge om høgspentlina mellom Breivik i Bergen til Bildøy i Fjell, seier Rinde.

Nyleg var det gjennomslag i ein av kabeltunnelane. Her startar arbeidet med å trekke kablane gjennom sommaren 2020.

– Førebuande aktivitetar er i full gang slik at vi er ferdig med desse i god tid før OPS-kontrakten blir signert. På denne måten er vi med på å sikra rask tilkomst til området og rask oppstart av sjølve prosjektarbeidet, seier prosjektleiaren.

 

Kontaktperson:

Arve Tjønn Rinde

Prosjektleiar

Tlf: 93031874

E-post: arve.rinde@vegvesen.no