Takk-for-oppmerksomheten-banner
 

– Det er mange små ting som kan ta merksemda vekk frå sjølve bilkøyringa. Alle desse små merksemdstjuvane blir til saman eit stort tryggleiksproblem i trafikken. Ver den bilisten du sjølv ynskjer å møta i sommartrafikken, oppfordrar Rita Aarvold i Statens vegvesen.

Er du ein av dei som kan multitaska?

Kva gjer du når du køyrer bil, bortsett frå å køyra? Ferske tal frå Statens vegvesen viser at me gjennomgåande har større aksept for at me sjølve et, snakkar og stiller inn GPS, radio og musikk, enn me har for at medtrafikantane gjer det same.

Så mange som 4 av 10 har heller ikkje tillit til at andre trafikantar er merksame nok.

– Me menneske har evna til å ha fleire tankar i hovudet samtidig, og gjera raske skifte. Men me har berre éin pott med merksemd. Dei du møter på vegen fortener at du har den heile og fulle merksemda di retta mot nettopp bilkøyringa, seier Aarvold.

Det verkar som dei yngste, i alderen 18-29 år, tykkjer det er heilt greitt å gjera andre ting bak rattet, både for sin eigen og andre sin del. For dei over 60, er det nær sagt nulltoleranse for sideaktivitetar som et av merksemdspotten.

Fleire studiar har vist at me ofte overvurderer eigne evner til å multitaska. Me trur jamt over at me er betre enn gjennomsnittet, både til bilkøyring og andre ting. Men i praksis er me stort sett heilt på snittet!

Ei heil fotballbane i blinde

At folk ikkje er merksame bak rattet handlar om mykje meir enn bruk av mobiltelefon. Summen av alle dei små merksemdstjuvane bak rattet kan bli svært farleg. Medan du let blikket, tankane eller hendene vandra, kan du rekkja å køyra over en heil fotballbane – nær sagt i «blinde».

– I trafikken tel kvart sekund. At merksemda di vandrar ein augeblink kan vera forskjellen på liv og død. Så brutalt er det faktisk, seier Aarvold.

8 av 10 trur at dei fleste som er ute og køyrer, ser vekk frå vegen og trafikken ei kort stund.

Å ta blikket vekk frå vegen gir størst risiko for ei alvorlig ulykke. 3 av 10 dødsulykker skjer på grunn av at føraren ikkje er merksam. To korte sekundar ser ut til å vera ei kritisk grense, før risikoen for farlege hendingar aukar drastisk. Mykje av det me gjer bak rattet, tek òg meir enn to sekund.

Planlegg bilturen i sommar!

Juli er feriemånaden med stor F, og for mange går ferda i bil – time etter time, langs fjordar, gjennom dalstrøk og over fjell. Ofte er de mange i bilen, med kvar sine ynskje og behov.

Mange er merksame, men ikkje alle og ikkje alltid. Statens vegvesen ynskjer at bilistane skal reflektera over kor dei har merksemda si når dei køyrer.

– Sørg for å luka vekk så mange merksemdstjuvar som mogleg, før de køyrer! Start mette og utkvilde, og hjelp kvarandre undervegs på turen. Lat sidemannen ta seg av radioen, kartlesinga og ungane. Og ta pausar undervegs, det er både hyggeleg og naudsynt, oppfordrar Aarvold.

Facebook: Takk for oppmerksomheten

 

Kontaktpersonar:

Prosjektleiar Rita Helen Aarvold, Statens vegvesen Vegdirektoratet.

  • Telefon: 909 46 474

Kommunikasjonsrådgjevar Ingunn Haavi Finstad, Statens vegvesen Vegdirektoratet.

  • Telefon: 922 01 843

 

Tenk, gjer, køyr! Tips til bilturen:

  • Et før de køyrer. Ingen er tente med ein biltur med lågt blodsukker.
  • Still inn rett radiokanal eller musikkliste.
  • Still inn GPS-en med rett adresse.
  • Legg vekk telefonen. Kopl han til Bluetooth-anlegget før du køyrer, og set han eventuelt i «ikkje forstyrr»-modus.
  • Ha det du treng under køyreturen lett tilgjengeleg.
  • Sjå til at ungane har det dei treng for ein behagelig tur.
  • Er de fleire i bilen, så hjelp kvarandre.
  • Ta pausar undervegs.

Mange typar merksemdstjuvar:

  • Bli forstyrra av passasjerar
  • Stilla inn radio og musikk
  • Eta og drikka
  • Barbera og sminka seg
  • Bruka kart og andre navigasjonssystem
  • Bruka mobil 

Ferske tal om merksemd i trafikken:

Me har gjennomgåande større aksept for å eta, snakka og stilla inn GPS, radio og musikk sjølve, enn for at medtrafikantane gjer det same.

  • Greitt å eta og drikka – Eg: 39 prosent, andre: 36 prosent
  • Greitt å snakka med passasjerar – Eg: 89 prosent, andre: 83 prosent
  • Greitt å snakka i handfri telefon – Eg: 69 prosent, andre: 63 prosent
  • Greitt å justera radio eller anna utstyr i bilen – Eg: 49 prosent, andre: 40 prosent
  • Greitt å søkja etter reiserute eller -mål på GPS/mobil – Eg: 19 prosent, andre: 15 prosent

Aldersskilnadar – dei yngste har større aksept for sideaktivitetar under bilkøyring:

  • Dei yngste (18-29 år) meiner gjennomgåande at det er heilt greitt å gjera andre ting bak rattet, både for sin eigen del og for andre.
  • Dei over 60 har derimot nær nulltoleranse for sideaktivitetar som et av merksemdspotten

Ikkje tillit til medtrafikantar: 39,9 prosent er (heilt) ueinige i at de har tillit til at andre trafikantar er merksame nok.

  • Blikket vekk: 81,5 prosent er (heilt) einige i at dei fleste som er ute og køyrer ser vekk frå vegen og trafikken ei kort stund.
  • Blikket vekk frå vegen gir aller størst risiko.
  • 2 sekund ser ut til å vera ei kritisk grense for kor lenge ein kan ta blikket vekk samanhengande før risikoen for farlige hendingar aukar sterkt.
  • Med blikket vekk i berre 2 sekund, kan du køyra ei lang strekning i «blinde»

Kjelde: TØI og Wavemaker, 2018

 

Dette seier lova

Merksemdskravet er felt ned i Vegtrafikklova § 3 og gjeld alle former for mangel på merksemd – uansett årsak:

§ 3.Grunnregler for trafikk: Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.

Les om mobilforskrifta her.