Åstranda er på fv. 5730, tidlegare fv. 691, som går opp Austredalen til Ommedal og Gjengedal. Området er utsett for snø- og sørpeskred, og skredsikringsprosjektet består av to rasvollar som skal hindre at skreda kjem ned til vegen.

– Vi er godt i gang med bygginga av vollane, men hadde eit overskot av masser som vi tenkte å plassere på utsida av eine rasvollen. I samband med ekstra grunnundersøkingar i dette området, oppdaga vi at grunnen inneheld leire. Vi har difor stogga anleggsarbeidet inntil vi veit meir, fortel prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Dei neste to vekene skal de takast fleire prøver i området, og testane analyserast. Spørsmålet er om det er kvikkleire eller vanleg leire. Inntil resultata er klare vil det ikkje bli jobba i området.

Prosjektleiaren understrekar at det ikkje på noko tidspunkt har vore fare for trafikantane på fv. 5730, eller dei som arbeider på anlegget.

– Det er god stabilitet i grunnen, både der vegen går og i området vi har jobba i til no, seier Huseklepp.

Vegvesenet vil snarleg kalle inn entreprenøren som har oppdraget til ei synfaring, slik at vi ilag kan førebu ei lengre pause på anlegget.

– Det nærmar seg vinter, og det kan komme snø. Vi må no gjere anlegget klart før vinteren, stelle til rasvollane slik at vegen er sikra mot snøskred, og heller starte oppatt arbeidet til våren.

Skredsikringsprosjektet skulle vore avslutta innan november, men på grunn av sein oppstart hadde ferdigstillinga uansett blitt utsett, uavhengig av grunnundersøkingane.

Kontaktperson:

Tone Anette Espe
Seksjonsleiar vegseksjon Fjordane
Telefon: 57 65 57 87/ Mobil: 959 48 075
E-post: tone.espe@vegvesen.no