Markeringa skjer ved Hjartåelva.

Entreprenør Leonhard Nilsen & Sønner AS startar å sprenge frå Hjartåelva ved Hunnes i retning mot Volda. Etter kvart skal det og drivast ca. 1000 meter av tunnel frå Homberset frå motsett side.

Heile drivinga av tunnelen er venta å ta vel eit år. Da startar etterarbeida og “innreiinga” av tunnelen og i slutten av oktober 2013 er han planlagt opna for trafikantane.

I tillegg til arbeida med Hjartåbergtunnelen inneheld kontrakten med entreprenøren på 270 mill. kroner rehabilitering av den 230 meter lange Årsettunnelen og om lag fire kilometer veg i dagen. Til saman blir dette nesten ein 8 km lang ny og rassikker del av E39 etter at Kvivsvegen er opna.

Vegarbeida gjer at det kan bli dårligare framkomst for trafikantane. Vegen kan også bli heilt stengt i kortare periodar. All planlagt stenging vil bli annonsert og skilta i god tid.

Statens vegvesen oppmodar trafikantane til å vise omsyn ved passering av anleggsområda.


Kontaktperson:
Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen, telefon 906 92 429