Onsdag 18. og torsdag 19. september blir difor Todalsvegen stengt mellom krysset til Haltbakkvegen og krysset til Sollivegen frå kl. 0830 til 13.15. Trafikken slepp igjennom klokka 1030. Då blir det køyrt ei kolonne i kvar retning gjennom arbeidsområdet. Naudetatane kan passere i heile stengeperioden.

- Vi har vore i kontakt med både Surnadal kommune, Talgø og fylkeskommunen som er ansvarlege for skuleskyss. Avgjerda om stenging og tidsrommet for stenginga er tatt i samråd med dei, seier byggeleiar Andreas Eidem i Statens vegvesen.
Asfalteringa på resten av strekninga starta denne veka. Det er ledebilkøyring forbi arbeidsstaden og trafikantane må rekne med nokre minutt ventetid. Arbeidet er vêravhengig. Om det blir mykje nedbør blir asfalteringa utsett til vêret betrar seg.

Gir sterkare veg

4,9 km av Todalsvegen er ein av sju strekningar i Møre og Romsdal fylkeskommune sitt forsterkningsprogram for fylkesvegar i 2019. Tidligare i år blei det reinska grøfter, skore kantar og gjort utbetring av dreneringa på vegen. No blir det lagt eit om lag 10 cm tjukt lag  asfalt på hele strekningen.

- Det tjukke asfaltlaget er med på å auke bereevna til vegen. Det blir ikkje en breiare veg, men den blir sterkare, meir solid og vil halde i mange år framover. I haust blir det også montert nytt rekkverk på delar av strekninga, fortel vegvesenets byggeleiar Andreas Eidem.

Forsterkinga av vegen vil koste 5,7 millionar kroner.