Fylkesmann i Hordaland, Svein Alsaker, kutta snora med glede; - Her er gjort eit flott arbeid og de kan vere stolte av det de har vore med på, sa han i si helsing til alle frammøtte.

Ein god dag
Ungane på Matre skule og i barnehagen hadde fått fri, og kom i bussar frå nabokommunen i nord. Dei dansa friskt til tonane frå Alverflaten jazzband som spela i tunnelmunningen og fekk prima akustikk mellom fjellskjeringane.  Mange vaksne var også møtt fram – ikkje eit einaste surt fjes var å sjå!

Viktig veg
Ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes kom inn på kor viktig strekninga er for Lindås med omsyn til framkomst for trafikk og tilgang til eit framifrå turområde.
- Og dei pengane de ikkje har brukt opp på prosjektet, ser vi gjerne vert nytta her i kommunen – helst i Knarvik, sa ho.

Ordførar i Masfjorden og leiar for Regionrådet i Nordhordland, Håkon Matre, hadde forsøkt å tenkje positivt når han satt i kø under anleggsperioden; - For kvart minutt eg sat her og venta var eg eitt minutt nærare opning, var hans kommentar til tidvis stengd veg.

Godt samarbeid
Byggeleiing og entreprenør Mesta as har hatt eit særs godt samarbeid for å finne dei beste løysningane på prosjektet. Og det er det nybygde veganlegget eit godt prov på.

– Så fint vert det når dei som har fagkunnskap på sine område få lov til å vere med og finne løysingar, da får vi det maksimale resultatet, var det ein som sa etter opninga. Dette gjeld både landskapsarkitektar og maskinkøyrarar.

Om to år kan vi foreslå anlegget til ”Vakre vegers pris”…