HS-022/13 VEDTAK:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Granvin heradsstyre sak nr. 11/211 Detaljreguleringsplan Fv. 7 Lussandberget (PlanID 12342011003), planomtale dagsett 14.01.13 og føresegner dagsett 29.01.13, med følgjande tilleggspunkt:

  • Til grunn for plassering av anleggsveg og deponi leggjast kart av 05.03.13.
  • Granvin herad ønskjer å ta del i detaljplanlegging av anleggs- og deponiområde i lag med grunneigar på Beggevik.
  • Granvin herad ønskjer å nytte overskottsmassane på ein mest mogleg samfunnsnyttig måte innafor dei økonomiske rammar for prosjektet.
  • I føresegner § 7.1 avsnitt 4 vert sletta og erstatta med: ”Bruk av deponiområde i strandsona og anleggsveg etter veganlegget er ferdigstilt vert lagt fast i byggeplan i samarbeid med Granvin herad og grunneigar.”

Klage på vedtak

Kommunestyret sitt vedtak om reguleringsplan kan påklagast til Fylkesmannen jfr. § 12-12 og § 1-9 i plan- og bygningslova og kap. VI i forvaltningslova. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa og skal sendast via Granvin herad. Ein viser og til vilkåra i §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova som omhandlar krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Spørsmål

Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat – planavd., Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no