Arbeidet vil gå føre seg frå 10 august og bli avslutta i april 2011. Stenginga gjeld. mellom klokka 07:00 og 19:00 frå måndag til og med torsdag kvar veke.
- Vegen vert opna for passering kvar heile time i stengeperioden, men utrykkingskøyretøy og buss kan få passere utanom desse opningstidene, opplyser byggeleiar Hallvor Solheim.

Sprengingsarbeid og fjellsikring
Arbeidet omfattar mellom anna utsprenging av fjellskjæring på heile strekninga, og her må ryddast og eventuelt sikrast mellom kvar salve.
Det må byggast anleggsvegar for å komme til dei fjellmassane som skal takast ut og det vil også bli gjort kontinuerleg sikringsarbeid i fjellskjæringa og rett ovanfor denne.

Siste nytt frå prosjektet
- På Torsnes (Jondalssida) støypte vi brudekke førre veke og onsdag 11. august er det planlagt å skyte forskjæringa til ”Ødegårdstunnelen”, som er namnet tunnelen førebels har fått. Entreprenøren reknar med oppstart på tunneldrivinga her i september, fortel byggeleiar Solheim.