Statens vegvesen og Rogaland fylkeskommune har gleda av å invitere til offisiell opning av fylkesveg 511 Åsebøen-Stangeland på Karmøy.

Tryggare


Arbeidet starta våren 2018. Målet med prosjektet har vore å gjere det tryggare for mjuke trafikantar på strekninga. Det er bygd gang- og sykkelveg og fjerna fleire avkøyrslar med dårleg sikt.

- Å jobbe med røyr i bakken og leidningar i lufta har vore utfordrande. 
Gjennomgangstrafikken har også vore krevjande å handtere til tider. Men nå er vi glade for at alt er ferdig, og at trafikktryggleiken blir mykje betre i området, seier byggeleiar Margrethe Stava Brandtzæg i Statens vegvesen.

Prisen på prosjektet, som er ein del av Haugalandspakken, blir i underkant av 40 millionar kroner. Hovudentreprenør har vore Vassbakk & Stol.

Dette er gjort

  • 930 meter nytt fortau
  • For Karmøy kommune er det bygd 80 meter gang- og sykkelveg og 65 meter fortau i Åsebøhaugen og Favnamyrvegen
  • Nytt kryss i Lensmannsvegen
  • To kantstopp og to heva gangfelt
  • Nye veglys
  • Avkøyrslar er fjerna
  • Det er lagt nye vatn- og avløpsleidningar for kommunen
  • Nytt overvass-system

Etter opninga er det lunsj for inviterte på Cafe MM i Kopervik.