Langs fylkesvegen ved Solastranda har det over lang tid vore utfordringar med sand i vegbana.

- Vi meiner dagens rekkverk er utfordrande for både drift og trafikktryggleiken. Rekkverket utgjer ein vindbarriere, som fører til at mykje sand legg seg på vegen. I tillegg tar rekkverket stor plass og det blir fort skada når vi ryddar sanden. Konsekvensen er at det stikk fliser og skruer ut mot gang- og sykkelvegen, seier seksjonsleiar Truls Kolnes i Statens vegvesen.

Både Sola kommune og Fylkesmannen i Rogaland er einig i at rekkverket bør byttast.

Nytt rekkverk, Monoline-rekkverk eller tilsvarande, blir montert innan kort tid.