Eiganestunnelen går frå Schancheholen/Våland kolonihage til Tasta. Prosjektet består av fem kilometer med ny firefeltsveg, der 3,7 kilometer er Eiganestunnelen.

Betre miljø

Anlegget blir bygd for å betre avviklinga av trafikken på E39, for å redusere talet på ulukker, avlaste dagens lokalvegeraog betre miljøet.

Selskapet som får kontrakten har ein omfattande jobb føre seg. I tillegg til bygginga av sjølve Eiganestunnelen, får entreprenøren mellom anna også oppgåva med å bygge: Nærmare ein kilometer av Hundvågtunnelen, bygging av eit omfattande system av av- og på-rampar og ein kilometer ny veg mellom Schancheholen og rundkøyringa i Madlaveien. I tillegg kjem fire nye rundkøyringar, ein 160 meter lang miljøkulvert og ein kilometer av Sykkelstamvegen.

– Vi ser fram til å gå i gang med også denne delen av prosjektet, og håpar på god konkurranse med mange tilbydarar, seier prosjektleiar for Ryfast og Eiganestunnelen, Gunnar Eiterjord.

Omfattande sikring

Fristen for å levere inn anbod går ut i andre halvdel av desember. Statens vegvesen reknar med byggestart i februar 2014.

Store mengder masser skal hentast ut og fraktast vekk. I tunnelen er det snakk om rundt 800.000 kubikkmeter. På anlegga i dagen rundt 200.000 kubikkmeter med fjell. Det meste av steinen skal nyttast til utfylling i Jåttåvågen, der det skal byggast bustader og folkebad.
Sikringa i Eiganestunnelen er svært omfattande, med injeksjon, boltar, sprøytebetong og betongelement.

Eiganestunnelen skal stå klar til opning i 2019.

Kontaktperson i Statens vegvesen: Gunnar Eiterjord, tlf: 918 77 089

 

Nokre fakta om Eiganestunnelen og Ryfast

Riksveg 13 Ryfast og E39 Eiganestunnelen er knytt saman i eit prosjekt, med felles prosjektorganisasjon.

Eiganestunnelen:

• Ny tunnel frå Schancheholen/Våland kolonihage til Tasta. Tunnelen blir 3,7 kilometer lang,
med to løp og fire køyrefelt.

• Eiganes nord: Om lag ein kilometer lang firefelts vegstrekning frå Byhaugtunnelen til Smiene på Tasta. I denne entreprisen er det også med opprusing av rundt ein kilometer eksisterande veg langs Mosvannet, med 160 meter miljøkulvert.

 Ryfast består av to hovuddelar:

• Solbakktunnelen: 14,3 kilometer lang undersjøisk vegtunnel mellom Solbakk i Strand og
bydelen Hundvåg i Stavanger.
• Hundvågtunnelen: 5,5 kilometer undersjøisk tunnel mellom Hundvåg og Gamlingen i
Stavanger.
• Begge tunnelane blir bygd med to løp med to felt i kvar retning. Ryfast er avhengig av
Eiganestunnelen, med tanke på finansiering, planar og anlegg.