I går var prosjektleiar Tor Geir Espedal i Samferdselsdepartementet på oppstartmøte for den eksterne kvalitetssikringa (KS2) av Rogfast, som blir verdas lengste og djupaste vegtunnel.

- Dette er ein viktig dag! Når kvalitetssikringa er ferdig står berre godkjenning i Stortinget igjen før bygginga av Rogfast kan starte, seier Espedal.

Viss Rogfast blir behandla i Stortinget til hausten, blir arbeidet starta vinteren 2017. Arbeidet begynner i Mekjarvik, der entreprenøren skal bygge ein tilkomst-tunnel inn til sjølve hovudtunnelen.

Kva er KS2?

Ekstern kvalitetssikring (KS2) er ei kvalitetssikring av mellom anna kostnadar. Ordninga blei innført av Finansdepartementet i år 2000, og gjeld for statlege investeringar med kostnadsoverslag på over 750 millionar kroner.

Det er Atkins og Oslo Economics, som på oppdrag frå Samferdsledepartementet og Finansdepartementet, gjennomfører kvalitetssikringa av Rogfast.

Måla med Rogfast

  • Ferjefri E39 langs Vestlandskysten er eit mål for å få ein effektiv nord-sørtrafikk mellom byane på Vestlandet
  • Utvikle ein felles bu- og arbeidsmarknad for Nord-Jæren og Vestlandet
  • Med Rogfast blir reisetida mellom Stavanger og Haugesund/Bergen rundt 40 minutt kortare

 Rogfast-fakta

  • Verdas lengste vegtunnel, cirka 26,7 kilometer, mellom Harestad i Randaberg kommune og Laupland i Bokn kommune
  • I tillegg til hovudtunnelen kjem ein fire kilometer lang tunnelarm til øya Kvitsøy
  • Største djupne er 390 meter under havet, djupaste vegtunnel i verda
  • To-løps tunnel med fire køyrefelt. 
  • Maks stigning i tunnelen er fem prosent 
  • Pris: 14,5 milliardar 2015-kroner