- I fleire kryss er det ikkje klart nok kven som eigentleg har vikeplikt og forkøyrsrett. Difor forkøyrsregulerer vi desse fylkesvegane, forklarer Bjørn Kristian Røyland på plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen.

Desse vegane blir forkøyrsregulert:

• Fv. 561 Mosterøyveien
• Fv. 563 Askjeveien
• Fv. 586 Bruveien
• Fv. 575 Hanasandveien
• Fv. 577 Austbøveien
• Fv. 576 Hodneveien
• Fv. 582 Hellandsveien
• Fv. 574 Østhusvikveien
• Fv. 580 Daleveien
• Fv. 581 Hoverstadveien
• Fv. 573 Sørbøveien

Statens vegvesen ber trafikantane passe på.

- Dei som kjem på sidevegane må følgje godt med på skilting og oppmerking. Nå får dei vikeplikt før dei skal køyre ut på vegane som blir forkøyrsregulerte. På same tid må bilistane på dei nye forkøyrsvegane vere klar over at det kan koma bilar frå høgre som køyrer av gamal vane, og ikkje får med seg nye skilt og merking i vegen, poengterer Røyland.