Fylkesvegen i Dirdal blir oppgradert og gjort sikrare for trafikantar. Nå blir vegen, som har vore stengt sidan mai, opna for trafikantar.

- No er vi berre glade for at vi endeleg kan opne. Entreprenøren Kruse Smith AS og vi har stått på for å opne så fort som råd. Eg vil takke innbyggarane som har vore tolmodige, seier prosjektleiar Anne Stine Johnson i Statens vegvesen.

Ferdig 1. desember

Arbeidet i Dirdal er langt frå ferdig, men ferdig nok til at det går an å sleppe trafikantar gjennom. Fristen til entreprenøren for å få alt ferdig, inkludert elektroarbeidet i tunnelen, er 1. desember.

Allereie til helga blir det nattestengt frå 23:00 til 05:45. Då blir det mellombelse tunnellyset montert. Utover hausten blir fylkesvegen stengt om nettene.

- Har de vurdert å la trafikken gå på utsida av tunnelen i staden for å stenge om nettene?

- Den gamle fylkesvegen er for anleggstrafikk og utrykkingskøyretøy i naudsituasjonar, forklarer prosjektleiaren.

Ventetid

Dei komande vekene blir mellom anna føringskanten i tunnelen støypt på dagtid. Då blir trafikken leia gjennom området av ein følgjebil. Viss det blir venting, snakkar vi kun om få minutt.