Seksjonsleiar Harald Bøhn i Statens vegvesen forklarer kvifor arbeidet på den 800 meter lange gang- og sykkelvegen langs riksveg 42 på Eigerøy blir utsett.

- Langs riksveg 42 er det ei stor ur som må ned viss vi skal bygge som planlagt. For å gjere jobben trygt, ville vegen blitt stengt i fleire timar på dagtid. På Eigerøy er det mange næringsaktørar, mellom anna Aker Solutions. Så lenge omkøyring ikkje er mogleg, er det ikkje aktuelt å stenge riksveg 42, forklarer Bøhn.

Fram til midten av september ser Statens vegvesen etter nye løysingar. Mellom anna om det går an å bygge på nedsida av riksvegen.