Tidlegare ordførar og omtala som “jordmor” for Jondalstunnelen, Jon Skogset, fekk tenne siste lunta.

Stor dag
Dei frammøtte – og her var både gamle og nye politikarar, ordførarar, og andre som har stått på for å få bygd Jondalstunnelen, vart bussa inn til trygg avstand frå sprengingsstaden. Det er lagt asfalt nesten heilt inn og tunnelen er sikra og dekt med sprøytebetong etter kvart som den vart reinska ferdig. Prosjektleiar Bjørn Velken i Kruse Smith AS tok imot både gjestar og eigne tilsette, og sytte for at alt gjekk trygt for seg..

Han orienterte om anleggsdrifta, om mengder med sprengstoff som er brukt, om tonnevis med fjell som er frakta vekk, tusenvis med sikringsboltar og kubikk med sprøytebetong. Og alt dette har dei gjort mykje fortare enn planlagd byggetid for den milelange tunnelen.

Prosjektleiar Rolf Harkestad er svært godt nøgd med samarbeid og utført arbeid både når det gjeld Kruse Smith AS si totalentreprise og deira underentreprenørar. – Dei er svært dyktige, seier Harkestad.

Teltfest
Etter ei vellukka salve, der det vart god trekk i tunnelen, var alle inviterte til teltfest med snittar, kaffe og kake. Mange nytta høvet til å helse prosjektet og gratulere kvarandre med godt utført arbeid i alle fasar.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen mintest godt første lunte; den fekk han fyre av.
- Og etter hendinga no i dag har eg stor tru på at Jondalstunnelen vert realisert, sa ein nøgd fylkesordførar, og fekk forsamlinga til å skratte godt.

Politisk rådgjevar Sigrid Brattabø Handegard helsa frå sjefen, samferdselsminister Kleppa, spesielt til alle som hadde “sjit på støvlane”, slik ho uttrykte det. Utan dei vart det aldri nokon tunnel, var bodskapen.

Ordførarane gratulerte kvarandre med dagen og tilhøva.- Tunnelen byggjer regionen saman, sa ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken. Og alle var einige om at enklare framkomst gir betra tilhøve for busetnad, næring og utvikling.

Det er ingen tvil om at alle gler seg til tunnelopning neste år. Prosjektleiar Harkestad anslår 1. september som ein bra dato!