Denne oppmodinga kjem frå Hans Olav Hellesøe, motorsykkelentusiast og leiar i Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe(UAG) i vest.

Rivande utvikling

Rundt om i garasjane er det no full aktivitet med puss og stell. Motorsyklistane gjer seg klar for ein ny sesong på vegane, og etter eit års opphald på grunn av økonomikrisa i verda er det komande helg igjen klart for MC-treff  på Lillestrøm.

– Økonomikrisa råka også MC-bransjen hardt og 2009-produksjonen ble veldig liten på verdsbasis, fortel Hellesøe.

Paradoksalt nok har utviklinga innan tryggleiksutstyr aldri vore meir omfattande enn den er i dag, til tross for svake økonomiske resultat.

– MC-produsentar tilbyr no ABS-bremser på alle typar motorsyklar, ja til og med racingsyklane har slikt utstyr, seier Hellesøe, og viser til at ABS-bremser er standardutstyr på ”Årets sykkel 2010 ”,  BMW S1000R, som er ein motorsykkel produsert for racing. Den har også system for antispinn montert.

Reddar liv

ABS-bremser er rekna som eit av dei beste tryggleikstiltaka ein kan ha på ein motorsykkel.

Etter gjennomgang av alle dødsulykkene i ein periode kom svenske forskarar fram til at over 38% av MC-ulukkene kunne vore unngått om motorsykkelen hadde vore utstyrt med eit ABS system, og reduksjon på 48 % av dødsulukker og ulukker der personar blir alvorlig skada.

Også amerikanske forskarar har erfart det same, dei konkluderer med mellom 17 og 38% reduksjon av ulukker med ABS.

Forskarar i Tyskland har studert 610 motorsykkel møter bil – kollisjonar. Dei hevdar at over 90 % av ulukkene kunne vore unngått, eller hadde fått mindre skadeomfang om motorsykkelen hadde vore utstyrt med ABS-bremser. Den tyske studien viser også at det ville ha vore 10 % færre drepne motorsykkelførarar med ABS på alle motorsyklar.

EU-påbod

EU, med Tyskland som pådrivar, har gått inn for å påby ABS-bremser på motorsyklar over kubikk frå 2017. Dette påbodet vil også gjelde for Noreg om ikkje det blir kravd unntak, noko som er lite sannsynleg.

Hellesøe oppmodar motorsyklistar om å prøve ein MC med ABS, og trene på brems og unnamanøvrering før sesongen startar for alvor. Statens vegvesen lover også i år å få til område for trening under sikre forhold.

– Kjøp ikkje motorsykkel utan ABS-bremser. Resultatet vil bli færre drepne og hardt skadde på MC i framtida, avsluttar Hellesøe.