Vedlikehaldsarbeidet med reinsk og sikring i Bømlafjordtunnelen er planlagt gjennomført i juni i år. Endeleg starttidspunkt er enno ikkje avklara. 

 

Kontaktperson Statens vegvesen Region vest:
Astrid Eide, distriktssjef Haugaland og Sunnhordland distrikt – tlf. 51911735 / 90131516

 

-------------------------------------

Bakgrunn:
Våren 2006 vart det observert mindre nedfall av steinmassar på sidekant på eit punkt i Bømlafjordtunnelen. Ved den rutinemessige 5-årskontrollen, som enterprenør Mesta gjennomførte hausten 2006, vart det avdekka nokre punkt som var av ein slik karakter at Vegvesenet ønska å setje i gang ytterlegare inspeksjon. Geologiske undersøkingar på utsida av vass- og frostsikringskvelv konkluderte at det ikkje var noko umiddelbar fare, og at det ikkje var behov for strakstiltak / stenging av tunnelen.

 

I april 2007 vart det gjort inspeksjonar bak kvelven. Det vart då avdekka relativt store mengder lausmassar mellom duk og tunnelveg på tre punkt på ei strekning på 110 meter. Lausmassane ligg ut mot sidene av tunneltak/vegg. Tilbakemeldinga frå geologar stadfestar at vedlikehaldstiltak for å reinske og sikre må gjennomførast, men det er ikkje noko fare for at kvelven ikkje skal tole stein-/leiremassane. Statens vegvesen ønskjer likevel å fjerne desse relativt raskt.