Arbeidet er i gang i både nord- og sørfylket.

– Arbeidet med å legge ny asfalt skjer på dagtid, kveldar og netter, seier Bjørn Andersen, byggeleiar for asfaltkontraktar i Statens vegvesen.

Asfaltsesongen varer til godt ut på hausten. I Rogaland blir det brukt 110 millionar kroner på asfaltering av fylkesvegane og rundt 18 millionar på riks- og europavegar.

3100 kilometer asfalt blir lagt på riks- og fylkesvegar i Norge denne våren og sommaren. Til samanlikning er avstanden frå Kristiansand til Kirkenes 2600 kilometer.

Kontraktane som er fordelt har ein verdi på 2,7 milliardar kroner, av dei er 1,8 milliardar kroner fordelt til fylkesvegnettet.
Andersen ber publikum vise omsyn og følgje skilting og dirigering.

Her ligg lister og kart over dei aktuelle strekningane som blir asfaltert.

PS! Det kan bli endringar.