Klokka 22:00 måndag 16. april startar Statens vegvesen arbeidet med å måla tunnelveggane kvite. Arbeidet tar ei veke.

- Tunnelveggane blir malte for å reflektere lys og gje trafikantane ei lysare og betre køyreoppleving. For å få gjort jobben er vi avhengige av plussgrader. Det er difor dette ikkje er gjort tidlegare i vinter, seier prosjektleiar Truls Kolnes i Statens vegvesen.

Kolnes ber bilistane vise omsyn og følgje skilting og dirigering.