I løpet av 48 timar var 250 intervjuarar i sving. I løpet av 48 timar var 250 intervjuarar i sving.

Dei siste sju åra har gods som vert frakta til sjøs og på bane vore relativ stabil. No utgjer godstransport på veg om lag 100 000 fleire lastebilturar til og frå Vestlandet enn for sju år sida.

Det viser funn gjort etter 13 000 intervju på 48 timar i april i år. Dette er no samla i Vestlandsrapporten, ei undersøking Statens vegvesen står bak. I tillegg er det samla inn data frå hamnar og jernbaneterminalar, og gjennomført 25 djupneintervju.

Asplan Viak og Norce har vore engasjert av Statens vegvesen, fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland for å kartlegge godstransporten på Vestlandet.

Her kan du laste ned Godsundersøkelse Vestlandet 2018.

For Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland fylkeskommunar er det utarbeida meir detaljerte delrapportar. Dei kan du laste ned med å trykke på fylkesnamna.

I løpet av 48 timar var 250 intervjuarar i sving. I løpet av 48 timar var 250 intervjuarar i sving.

Utvikling

Sist det vart gjort ein liknande, men ikkje like omfattande, undersøking var i 2012. Vegvesenet ønska å sjå på utviklinga frå den gong.

– Funna skal nyttast til å analysere regionane og etaten sitt handlingsrom for å nå måla om å få gods frå veg og over til bane og sjø, med ein meir effektiv og miljøvennlig transport, seier Bjarte Børtveit, som har leia arbeidet med Vestlandsrapporten.

Fullare bilar

I 2017 vert 46 prosent av all gods til og frå Vestlandet frakta på vegen, mot 39 prosent i 2010. Samstundes er sjøtransporten redusert med sju prosent, frå 49 prosent til 42 prosent i 2017.

– Desse tala betyr ikkje at det går mykje mindre gods på bane og sjø no enn tidligare. Vestlandet har hatt ein god vekst i godsmengdene totalt sett, men nesten all vekst skjer på vegnettet. Særlig på fjellovergangane ser vi ein vekst i både kor mange turar som er gjennomført og kor mange tonn som vert frakta. Det er positivt at bilane er fullare enn før, seier Børtveit.

Veg framfør bane og sjø

Sentralisering av lagerfunksjonar, stadig betre vegnett, effektivisering, regelverksendringar og internasjonalisering med mellom anna auka kabotasje, samt billigare arbeidskraft vert trekt fram som nokon av faktorane som gjer at vegtransporten vinn konkurransen om transportoppdrag.

Ein tydleg trend er at det er fleire mindre sendingar på vegen. Likevel har gjennomsnittlig lastevolum auka frå 13,4 tonn til 14,7 tonn. Ei truleg forklaring på auken er større køyretøy og at transportørane er flinkare å fylle køyretøya sine.

Transportmiddelfordeling av godsmengde transportert til og frå Vestlandet mellom 2010-2017. Transportmiddelfordeling av godsmengde transportert til og frå Vestlandet mellom 2010-2017.

Austlandet er navet i godstransporten

Svært mykje av godset som vert fordelt i Norge er innom sentrale delar av Austlandet, kor mange av transportørar og vareeigarar har store terminalar og lager. Her kjem godset på veg eller sjø, for det vert distribuert ut til resten av landet. Gods skal også motsett veg, men volumet her er mindre enn det som skal ut. I Sør-Noreg er det altså ein tydeleg og aukande ubalanse i det som vert frakta ut og inn av Austlandet.

– Dersom gods frå Europa vert dirigert om direkte til Vestlandet vil det nok gi ein tydleg miljøgevinst. I godsstraumen frå Europa ligg det nok også eit potensial. Då er vi avhengig av at transportørar og vareeigarar ønskjer å byggje opp sin eigen logistikk og infrastruktur for å styre godset direkte til Vestlandet, seier Børtveit.

Ifølgje Børtveit er det lite som tydar på at trenden med auka gods på veg vil snu med det fyrste.

– Med dei investeringane som ligg i NTP, samt måten næringslivet har innretta seg dei seinare åra, er det lite som tyder på at det sentrale Austlandet vil verte mindre viktig for godstransporten i Noreg.

Godt motteke

I løpet av dei to døgna var 175 intervjuarar, hovudsakeleg studentar og pensjonistar, og 70 tilsette frå Trafikant og køyetøy-avdelingar i Vegvesenet ute på 21 kontrollstasjonar langs heile vestlandskysten frå Rogaland til Møre og Romsdal.

Børtveit er godt nøgd med korleis det blei møtt av godstransportsjåførane.

– Vi forsøkte å vere så effektiv som mogleg, vart svært godt motteke. I forkant hadde vi sendt brev til bransjeorganisasjonar og store transportørar, og mange hadde fått med seg at heldt på med ei undersøking. Det var god stemning.