Vaskinga er ferdig kvar morgon klokka 06:00. Frå 22:00 måndag kveld fortset vaskinga og kolonnekøyringa i Byfjordtunnelen. Den varer til 06:00 tysdag morgon. Slik fortset det utover veka.

– Tunnelvask er viktig for trafikktryggleiken. Vi vaskar mellom anna vegen, nødstasjonar med utstyr og kamera, forklarar byggeleiar Tor Skårland i Statens vegvesen.

Når arbeidet er ferdig i Byfjordtunnelen, startar arbeidet i Mastrafjordtunnelen, mest sannsynleg natt til onsdag.

Også her blir det kolonnekøyring. I tidsrommet 22:00 til 06:00 er det kontinuerleg kolonnekøyring. Bussar i rute og dyretransportar får passere.

Vaskinga skal vere ferdig til fredag 8. november klokka 06:00.