- No er vi glade for at alt er ferdig, seier prosjektleiar Knut Utaaker i Statens vegvesen.

Målet med prosjektet har vore å betre trafikkavviklinga og trafikktryggleiken der E39 og E134 treff kvarandre i Aksdal.

Hovudentreprenør Berthelsen & Garpestad har bygd ny rundkøyring med fem armar og rundt 650 meter tilknytingsvegar til rundkøyringa. I tillegg kjem 420 meter gang- og sykkelvegar og 310 meter kommunale vegar.

I prosjektet inngår også kollektivterminal og innfartsparkering.

Anleggsarbeidet starta i januar 2018, og var ferdig i juni 2019. Arbeidet med terminalbygget starta i juni i år, og blei ferdig i oktober.

Rundkøyringa er finansiert med pengar frå staten. Kollektivterminalen har Rogaland fylkeskommune finansiert. Totalkostnad er rundt 66 millionar kroner, der rundkøyringa utgjer 46 millionar kroner.