Men om veret la ein liten dempar på opphaldet utomhus, var det ingen ting å seie på stemninga, gleda og jubelen da ordførar Synnøve Solbakken kutta snora. Ho ser fram til betre tilbod innanfor kultur, helse, handel og arbeidsliv, for det er mange som arbeider på andre sida av fjorden og no får ein enklare kvardag.

Ein baby med mange fedrar
Nesten 30 år har gått sidan første frø vart sådd. Halsnøy vert kalla ”Perlo” i Sunnhordland og val av undersjøisk tunnel framfor framlagde bru og/eller fyllingsalternativ på kommunedel­plan­nivå, vart gjort av omsyn til det særeigne kystmiljøet.

Seinare har fleire fedrar og mødrer bore barnet fram, trass motgang og strid, slik ordførar i Jondal, Sigrid B. Handegard uttrykte det. For strid har det vore, og avisinnlegga har vore mange. Distriktssjef Arnfinn Ansok var inne på det under festmiddagen i Kulturhuset på Husnes, og tykte dette diktet av Ragnvald Våge passa godt på ein dag som denne:

”Me sat her å murra i kvart sitt hus
um stordakrabbe og husneslus,
um tysneskråka og mostradott
og skånevikstoskar og meir slikt godt.

Men råskodda letta umsider
so folk over fjorden såg,
og varast at det var godtfolk
som budde på hi  sida og`”.

Kortare reisetid
Frå no vil dagens ferjesamband mellom Skjersholmane, Ranavik og Sunde bli gjort om til eit reint pendelsamband mellom Ranavik på Halsnøy og Skjersholmane på Stord. Om lag 2300 innbyggjarar på Halsnøy har fått ferjefri veg til fastlandet og reisetida er redusert med ein halvtime.

Om sambandet
Halsnøytunnelen  er 4,1 km lang og det er bygd 2,2 km ny veg i dagen, totalt 6,3 km. Prisen kom på ca. 427 mill. kroner. Finansieringa er basert på ein kombinasjon av kommunalt tilskot 10 %, bompengar 57 % og statlege midlar 33 %.
- Halsnøysambandet er eit klassisk døme på eit vestlandsk spleiselag og eg vil i dag gratulere folket på Halsnøy, Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune med resultatet, sa regionvegsjef Olav Ellevset i sin tale.

Vegdekke AS som hovudentreprenør, prosjektleiar Bjarne Olav Lysberg og byggeleiarane Bergljot Skonnord og Marit Eidsnes Rogne fekk mykje skryt og blomar denne dagen.