- Driftsentreprenøren vår kjem til å bruke sand i staden for salt på dei aktuelle vegane, fortel prosjektleiar Truls Kolnes i Statens vegvesen.

Gjeld i mange kommunar

Frå første september tok Presis vegdrift AS over ansvaret for drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegar i 14 kommunar rundt Stavanger. Frå same dato overtok Mesta AS driftskontrakt Dalane. Vegdirektoratet har bestemt at i alle nye driftskontraktar skal sand erstatta salting på ein del fylkesvegar.

Dette gjeld vegar der det køyrer opp til 1500 køyrtøy i døgnet.

- Mellom anna av omsyn til miljøet har Statens vegvesen bestemt at vi skal bruke mindre salt i vedlikehaldet av vegane. Vi bruker salt på vegar med høg trafikk fordi saltet ligg og verkar lenger på vegen, sanden forsvinn mykje raskare, forklarer Truls Kolnes.

Trafikktryggleik

- Kva med trafikktryggleiken?
- Kravet til friksjon, altså kor glatt vegen kan vere, er like strengt. Men vi legg ikkje skjul på at det er litt verre for til dømes syklistar og rulleskiutøvarar. Det viktigaste er at folk køyrer etter forholda, poengterer Kolnes.


Kart:
Her kan de sjølve sjå kva vegar dette gjeld