Regjeringa vedtok på slutten av fjoråret at E39 mellom Aksdal i Rogaland og Bergen skal planleggast etter statleg plan på tilsvarande nivå som kommundelplan.

Statleg plan
Med bruk av statleg plan, ligg endeleg avgjersle om korleis vegen vert hos regjeringa, ikkje hos kommunane, slik praksis er med planlegging etter Plan- og bygningslova. I ein statleg plan vert kommunane høyringsinstansar på same måte spom fylkeskommunen og andre.

I etterkant av vedtaket tok opp Statens vegvesen opp mogelegheita for å utvide planområdet i sør-enden med å inkludere strekninga Bokn–Aksdal. Og no er det avgjort at det blir slik.

- Strekninga Bokn-Aksdal var siste leddet som mangla i heilskapen. Dette betyr at vi kan planleggje og arbeide for ein  ny samanhengande firefeltsveg på E39 mellom Stavanger og Bergen, seier prosjektleiar Signe Eikenes i Statens vegvesen.

Seks delprosjekt mellom Stavanger og Bergen
E39 mellom Stavanger og Bergen står framfor ei stor ombygging. Strekninga mellom dei to vestlandsbyane er delt opp i seks delstrekningar og -prosjekt. Desse prosjekta er i ulike fasar.

- For Rogfast og Svegatjørn-Rådal finst det allereie godkjende reguleringsplanar, og vi førebur bygging. På strekninga mellom, frå Bokn til Os, har vi eit stort planarbeid framfor oss. Vi er godt i gang på Stord–Os. Det er ikkje avklart når vi kjem i gang med planarbeidet lenger sør mellom Bokn og Stord, men kanskje i løpet av 2015, seier Eikenes.