Skader på brua skal reparerast, og ein skal montere anlegg for katodisk vern som hindrar at armeringa rustar.

Arbeidet vil gå føre seg i perioden 31. juli 2020 til september 2021.

På grunn av stillas under brua vil seglingshøgda vere lågare enn normalt. Seglingsmønsteret må difor mellombels endrast, i eitt seglingsløp av gangen.

Vi ber alle som planlegg i segle i området om å halde seg oppdatert om endringane, og kva som er gjeldande seglingsmønster til ei kvar tid.

Kystverket har oppretta ei Facebook-side for å formidle oppdatert informasjon om seglingsmønsteret under Måløybrua i vedlikehaldsperioden. Vi oppfordrar sjøfarande om å følgje denne sida. Her kan ein også stille spørsmål.

Les meir på Kystverket sine nettsider.