Første steg av arbeidet består av eit utfordringsnotat som klargjer aktuelle omgrep og gjer greie for dei viktigaste utfordringane på strekninga. Statens vegvesen har no klart eit utkast til notat, som er sendt på høyring til fylkeskommunen, statsforvaltaren og kommunane i området

Til Samferdselsdepartementet før sommaren

Etter at aktuelle instansar har komme med høyringsinnspel, blir utfordringsnotatet sendt vidare til Samferdselsdepartementet som fastset mandatet for KVU-en.

– Vi håpar å kunna senda utfordringsnotatet til Samferdselsdepartementet i mai, fortel prosjektleiar Nils Magne Slinde.

– Arbeidet med sjølve utgreiinga vil ta til etter at vi har fått eit endeleg mandat frå Samferdselsdepartementet.

Statens vegvesen legg opp til at KVU-en skal vera ferdig i 2023, slik at han kan vera klar til neste rullering av Nasjonal transportplan.

Avgrensing og situasjonsskildring

Utfordringsnotatet avgrensar tema og område for konseptvalutgreiinga, og legg fram forslag til samfunnsmål, organisering og framdrift for arbeidet.

Notatet skildrar også situasjonen i området i dag – befolkning, næringsliv og samferdsel – og skisserer dei viktigaste utfordringane for planlegging av eit nytt vegsamband på strekninga.

I utgreiinga av aktuelle konsept for strekninga skal det mellom anna  leggjast vekt på  toppmåla i Nasjonal transportplan 2022-2033.

 

Kontaktperson
Nils Magne Slinde,
Telefon 901 54 550
nils.slinde@vegvesen.no