Det er registrert fire kvalifiseringssøknadar. Alle søknadane er sendt frå utanlandske selskap:

  •  VINCI Concessions SAS
  • FCC Concesiones de Infraestructuras S.L.U
  • China Communications Construction Company Ltd.
  •  ITINERA SPA

Vi planlegg å orientere meir om dei ulike grupperingane via ei ny pressemelding i slutten av veke 10.

Prosjektleiar Arve Tjønn Rinde er godt nøgd med prosessen så langt. – No startar den krevjande jobben med å vurdere dei innkomne kvalifiseringssøknadane. Dagen i dag er ein viktig milestolpe for oss som arbeider med Sotrasambandet, seier Rinde.

Mykje merksemd i bransjen

OPS-kontrakten er så langt den største i sitt slag i Norge og det har vore mykje merksemd i bransjen om størrelsen på kontrakten. - Talet på grupperingar som har levert kvalifiseringssøknad ligg på nivå med det vi forventa basert på tidlegare erfaringar, seier direktør for Kontrakt og marknad i Statens vegvesen Utbygging Bettina Sandvin.

Offentleg privat samarbeid (OPS)

Prosjektforma OPS (offentleg-privat samarbeid) inneber at Vegvesenet inngår kontrakt med eit selskap som skal finansiere, bygge og drifte strekninga i 25 år.

Fram til medio april skal Vegvesenet gå gjennom dokumentasjon og vurdere kor vidt selskapa er kvalifiserte i høve til krava i kontraktsutlysinga. På bakgrunn av desse vurderingane skal det veljast ut tre grupperingar som går vidare til dialog og forhandlingar. Grupperingane som blir med vidare vert valde ut på basis av erfaring med prosjektering, finansiering, bygging og drift, helse, miljø og sikkerheit (HMS), samt økonomisk kapasitet. Kontrakten er venta å bli signert hausten 2021.

Fakta om rv. 555 Sotrasambandet:

  • Dagens Sotrasamband er ein tofeltsveg med en ÅDT 30.000. Vegen er sårbar med dagens bru som einaste tilkomst til Øygarden kommune
  • Nytt Sotrasamband vil løyse opp flaskehalsar og bli ei stor forbetring for trafikantar, næringsliv og naudetatar i Nye Øygarden kommune og Bergen kommune
  • Det nye vegsystemet består av nye firefelts motorveg, eigne felt for kollektivtrafikk, samt gang- og sykkelvegar
  • I prosjektet inngår 22 bruer, ei hengebru, 23 portalar og fire toløps tunnelar. Når dette vert samla i éin stor kontrakt, blir kontrakten for Sotrasambandet den største anleggskontrakten så langt i Norge
  • Tilbodsgrunnlaget for OPS-kontrakten vart sendt ut i marknaden via Doffin i desember 2019. Kontrakten skal etter planen vere signert i 2021.

Kontaktperson:

Prosjektleiar Arve Tjønn Rinde, mobil 930 31 874