– Privat øvingskøyring er viktig for å gje ungdom mest mogleg køyrerfaring før dei skal begynne å køyre åleine. Difor reduserer vi på kravet til kor stor del av trafikalt grunnkurs du må ha gjennomført for å kunne å øvingskøyre, seier seksjonssjef Dag Terje Langnes i Statens vegvesen.

Slepp praktisk øving i fyrstehjelp

Inntil vidare får elevane øvingskøyre utan å ha gjennomført fyrstehjelpsdelen av trafikalt grunnkurs. Grunnen er at elevane må samlast fysisk til praktisk øving i fyrstehjelp, og det er vanskeleg slik situasjonen er no. Dei andre delane av grunnkurset kan no gjennomførast nettbasert.

– Øvingskøyring er viktig for å bli ein god sjåfør. Når så mykje anna er stengt på grunn av korona, er det å øvingskøyre ein fin og nyttig aktivitet for både for ungdom og foreldre, seier Dag Terje Langnes.

Endringane gjeld så lenge koronasituasjonen varer, og beviset for øvingskøyring blir gyldig berre til 31. oktober.

– Dette er ekstraordinære tiltak som legg til rette for at trafikkopplæring og øvingskøyring kan komme i gang att, seier Langnes.

Meir nettbasert opplæring

Også grunnkurs for klasse AM146, klasse A1, A2, og A, klasse S og delar av grunnkurs for tunge klasser, kan no gjerast på nett.

– Denne delen av opplæringa kan gjennomførast på ein pedagogisk forsvarleg måte utan at elevane møter fram fysisk, seier Langnes.

Færre personar samla

Klasseromsdelane av sikkerheitskurs på bane klasse B og sikkerheitskurs på bane for tunge kjøretøy i klasserom kan skje ute at alle lærarane er til stades, seier Langnes.

For spørsmål, ta kontakt med seksjonssjef i Statens vegvesen Dag Terje Langnes eller avdelingsdirektør i Statens vegvesen Henning Harsem.