Frå i dag av skal alle arbeidsvarslingssøknadar leverast digitalt på vegvesen.no, med innlogging gjennom Di side.

Innlogging på Di side er gjennom ID-porten. Arbeidsvarslingssøknaden krev tilgang i Altinn. Søkaren må på førehand ha fått tildelt denne tilgangen frå selskapet han eller ho søker på vegner av.

Den gamle ordninga med søknad i Excel blir avvikla.

Betre informasjonsflyt og brukaroppleving

– Denne løysinga samlar og straumlinjeformar søknadsprosessen, fortel Fred Anton Mykland, avdelingsdirektør for Transport øst i Statens vegvesen.

Han har tru på at det nye systemet vil bli ei stor forbetring på sikt, både for saksbehandlarar og brukarar.

– Brukarane må fylla ut meir informasjon enn tidlegare, og det kan difor opplevast som litt meir omfattande å søke. Men på denne måten sikrar me at saksbehandlarane har all informasjonen dei treng, og slepp å etterspørja opplysningar eller senda tilbake søknadar på grunn av manglande grunnlag, forklarer Mykland.

Søknadsskjemaet inneheld informasjon og rettleiing, samt kontaktinformasjon for spørsmål.

– Ein må forvente nokre utfordringar i innkøyringa, medan folk gjer seg kjende med systemet. Men totalt sett er dette ei mykje meir føremålstenleg løysing, som vil gi betre informasjonsflyt og brukaroppleving, presiserer Mykland.

Vidare utvikling i 2021

Den nettbaserte arbeidsvarslingssøknaden er ein del av eit større prosjekt i Statens vegvesen for å digitalisere veg- og trafikksøknadar. Søknaden vart pilottesta av både saksbehandlarar og søkarar i haust, og tilbakemeldingane frå testen er arbeidde inn i løysinga som no vert lansert.

Statens vegvesen si prosjektgruppe skal arbeide med forbetring og vidareutvikling av søknaden i løpet av 2021.

Dette kjem no:

  • Digitalt søknadsskjema for å søka om arbeidsvarsling.
  • Oversyn over eigne og verksemda sine søknadar på Di side.
  • Søknadar under arbeid.
  • Søknader som er sende inn.
  • Risikovurderinga blir erstatta av ei utvida arbeidsskildring.

Kontaktperson

Fred Anton Mykland
Avdelingsdirektør Transport øst
Tlf.: 95812549