– Dagen i dag er ein merkedag for oss som jobbar på Rogfast-prosjektet. Vi er klare til å lyse ut den fyrste kontrakten så snart vi har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å vareta ytre miljøutfordringane. Så snart dette er på plass lyser vi ut den fyrste kontrakten i Rogfast-prosjektet som er for transporttunnelen i Arsvågen, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens vegvesen.

Rogfast blir verdens lengste undersjøiske vegtunnel med sine 26,7 kilometer. Illustrasjonen viser et tverrsnitt av hvordan tunnelen vil gå under havet. Foto: Statens vegvesen/VianovaRogfast blir verdens lengste undersjøiske vegtunnel med sine 26,7 kilometer. Illustrasjonen viser et tverrsnitt av hvordan tunnelen vil gå under havet. Foto: Statens vegvesen/Vianova

Rogfast etter planen ferdig i 2025/26

Med sine 26,7 kilometer vil Rogfast bli verdas største undersjøiske vegtunnel. Prosjektet har ei kostnadsramme på 16,8 milliardar kroner.

– Vi har ei målsetjing om å lyse ut dei neste fire store kontraktane i løpet av 2017 og 2018, seier Espedal.

Planen er at dei fyrste bilistane kan ta tunnelen i bruk i 2025/26.

– Bygginga av ein så lang undersjøisk tunnel er utfordrande, med mange tekniske utfordringar. Ei av desse er toplanskrysset under Kvitsøy. For å sikre god ventilasjon skal vi sprenge to ventilasjonssjakter frå Kvitsøy og ned til begge tunnelløpa, forklarer prosjektleiaren.

Ventilasjonssjaktene har ein diameter på 10 meter, og begge skal ned 250 meter frå Kvitsøy.