Statens vegvesen har fått forslag frå skognæringa til kva for vegar 56 tonn tunge tømmervogntog bør kunne køyre på. Det er stort sett bereevna på bruene som har vore avgjerande kva for vegar som no er opna for 56 tonn tunge kjøretøy.

Strekningane som er omfatta av den utvida totalvektgrensa ligg i Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust- og Vest-Agder, Sør- og Nord-Trøndelag og Nordland.

I Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Troms og Finnmark er det ingen vegar som har fått auka totalvektgrense.

Sjå vedlegg for fullstendig oversikt over strekningar med auka totalvektgrense.