Då personbilen med campingvogn som låg framfor han gjennom E39 Bømlafjordtunnelen stoppa med røyk sivande ut frå motoren, reagerte langtransportsjåføren frå Bømlo raskt og rett. Sidan familien på fire ikkje hadde varsla om problema, nappa han kjapt ut eit brannsløkkingsapparat; slik vart tunnelen stengd, brannventilasjonen aktivert og naudlysa tende.

– Eg gjekk til næraste naudstasjon og fekk kontakt med Vegtrafikksentralen (VTS) med det same, fortel den røynde sjåføren.

Flammane sto snart ut av motoren på personbilen, og Ovesen starta sløkking og rettleia familiefaren. Dei to tenåringane og mor deira fekk søka ly i traileren.

Bilbrann E39 BomlafjordtunnelenBilbrann E39 Bømlafjordtunnelen. Foto: Bjørn Erik Ovesen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mental førebuing

– Eg tenkte ikkje så mykje der og då, det gjekk på instinkt.

Ovesen fortel at han på mange, lange turar i førarsetet har tenkt mykje på kva han ville gjort om han vart fyrstemann på staden ved til dømes ei ulykke eller ein tunnelbrann.

– Det er store avstandar i Noreg og ein kan ikkje rekna med å få hjelp med det same, så ein må vera førebudd på å ta tak sjølv. Det er fort å bli handlingslamma i ein slik situasjon.

Han fortel at den norske action-filmen "Tunnelen" også bidrog til auka medvit.

– Eg har kjøpt meg fluktmaske som eg har liggande i bilen. Han eg handla hjå kunne fortelja at etterspurnaden etter masker hadde gått opp etter filmen.

 

Bjørn Erik OvesenBjørn Erik Ovesen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På besøk hjå VTS

Morten Hansen, faggruppeleiar for trafikkstyring- og vegovervaking ved Vegtrafikksentralen vest, roser innsatsen til Ovesen.

– Dette er ein sjåfør med ei sterk fagleg interesse og engasjement for trafikksikkerheit og trafikkbildet. Det var han som sette regien i under hendinga, og hans innsats gjorde at brannen ikkje fekk utvikle seg.

Ovesen var i kontakt med VTS også etter hendinga, noko som resulterte i ein invitasjon. Førre onsdag fekk sjåføren ei omvising i lokala i Nygårdsporten av VTS-leder Cecilie Bakke Johannessen og hennes folk.

– Me hadde ein god samtale om korleis han opplevde hendinga – korleis han tok tak og handterte situasjonen, samt samspelet mellom VTS, Ovesen og naudetatane. Det var nyttig for oss å få hans perspektiv, fortel Hansen.

Tankane i etterkant

Ovesen skryt av mottakinga.

– Eg opplevde at samhandlinga på telefon med trafikkoperatøren på VTS fungerte veldig bra under brannen. Det var interessant å møta folk i andre enden, og få eit innblikk i korleis VTS jobbar.

– Å få sjå opptaka har vore viktig for meg for å prosessera det som skjedde i etterkant, fortel Ovesen.

Saman gjekk dei også gjennom videoane frå trafikkamera i tunnelen.

– Der og då handla eg på instinkt, men seinare kjem jo tankane.

På besøk hjå VTS vest - Bjørn E. Ovesen og Morten Hansen går gjennom videoopptak frå hendinga i tunnelen.På besøk hjå VTS vest - Bjørn E. Ovesen og Morten Hansen går gjennom videoopptak frå hendinga i tunnelen. Foto: Cecilie Bakke Johannessen

Mange branntilløp i sommar

Det har vore uvanleg mange branntilløp i tunnelar på Vestlandet i sommar. I midten av juli var det tre på ei veke, i Munkebotntunnelen, Bømlafjordtunnelen og Lærdalstunnelen. Hansen har ikkje noko klar forklaring på hendingane, men meiner det kan ha med spesielle sommartrafikken å gjera.

– Det er mange som ferierer i eige land denne sommaren, med tungt lasta køyretøy i varierande stand, gjerne med ein eller annan type hengar på som dei ikkje nødvendigvis er vane med å køyra. Dette kan vera ein av årsakene.

Det har gått bra, etter forholda, men rask innsats på staden har vore avgjerande.

Bjørn Arild Fossåen, Bjørn Erik Ovesen og Morten Hansen. Bjørn Arild Fossåen, Bjørn Erik Ovesen og Morten Hansen. Foto: Cecilie Bakke Johannessen

Planlegg øving for yrkessjåførar

– Langtransportsjåførane er mange, og køyrer mykje og langt. Sjåførar med kunnskap og kompetanse til å ta grep når uhellet er ute, kan vera ein stor ressurs og redda liv.

Tunnelforvaltar Bjørn Arild Fossåen var også til stades på møtet førre veke. Han håpar no å få til ei øving for tungbilsjåførar i området. Vegvesenet arrangerer jamlege brannøvingar i tunnel for eigne tilsette, entreprenørar og utrykkings­personell.

– Målet er nettopp å øva inn rette responsen, slik at det blir lettare å handla rett utan å tenkja når ein står midt i ein dramatisk situasjon.

Interessa for ei slik øving for yrkessjåførar er stor. Ovesen, som også er dagleg leiar for ei transportbedrift, støttar tiltaket heilhjarta.

– Å vera mentalt førebudd var avgjerande i situasjonen som oppstod.

– Vegtrafikksentralen er god å ha!

Som yrkessjåfør har Ovesen vore i kontakt med VTS fleire gonger før, i slike samanhengar. Han fortel om gode erfaringar.

– VTS er utruleg gode å ha i nærleiken! Me storbilsjåførar er ofte i kontakt med dei og tykkjer det er eit organ som fungerer veldig godt.

Og – føyer han til – neste gong VTS skulle ha bruk for nye folk, kjem han til å søka sjølv.

 

Av Silje Drevdal